Rosenkrantz gate 8,
0159 Oslo

Best Western Hotell Bondeheimen

Velkommen til eit annleis hotell – midt i sentrum! Bygget som huser Hotell Bondeheimen blei reist av Bondeungdomslaget i 1913 framleis heng skiltet med ”Bøndernes Hus” over inngangspartiet og framleis andar huset av norsk kulturarv. Heilt frå starten har huset vore ein naturleg tilhaldsstad for pressefolk, skodespelarar, kunstnarar og forfattarar.

Frå den nyrenoverte hotellresepsjonen har du direkte tilgang til tradisjonsrik norsk mat i vidgjetne Kaffistova og brukskunst og handverk i Heimen Husflid.

Hotellet har 127 velutstyrte rom som varierer svært i storleik, med sengeplass for 1 til 5 personar. Dei fleste romma er pussa opp i løpet av dei siste to åra.

Hotellets møteromsavdeling har 7 ulike rom for 7 til 150 personar. Hausten 2010 ferdigstilte vi to nye og moderne møterom i toppetasjen, med plass til 18 personar kvar. Desse romma har ei unik og særprega atmosfære, med splitter nye 65-tommar LED tv-ar. Vi tilbyr ulike møteromspakker med matservering frå vår restaurant Kaffistova.